I mai solgte vi huset vårt. Etter å ha brukt lang tid på å finne eit hus som ville vere stort nok til vår store familie, fant vi det til slutt. Eit hus med fem soverom, kjellerstove, stor gang og vaskerom. Nokre kompromiss måtte vi inngå med oss sjølve. Det vart ikkje ein stor frukt hage, eller min store draum; småbruk. Det vart ikkje nytt, Det vart ikkje ein frittligande einebustad, men det det vart, vart so mykje meir.
Og eg trur at det det vart, var akkurat det vi trengt no, med born som veks til, som vil ha vener på besøk, på overnatting og som treng sin eigen plass. So vert det vi får, meir enn nok. Og om ti år, når borna byrjer å verte store, kan vi få oss ein liten fritidsbustad med litt tomt til alt det andre. Alt til si tid.
Men det skal bli rart å flytte. Rart å flytte frå den kjekke gata, og dei kjekke naboane. Rart å skulle få eit stort hus med fem soverom, to etasjar og nesten 200 kvm, mot tre etasjar, mykje skråtak, tre soverom, og 110 kvm.
For dei to eldste sin del er det viktig og riktig å flytte no. Og det er viktigst av alt for oss no.