Viser innlegg med etiketten Leiker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Leiker. Vis alle innlegg

14.11.2013

Leikekjøkken-makeover del 2

Forkle med ribb-hals

DSC_0984k

Då eg fyrst sydde små gardiner til leikekjøkkenet i barnehagen (forrige innlegg), eg tenkte at eg måtte sy litt meir. Så det blei fire forkle til. Eg tenkte eg skulle teste ut ein variant med ribb øverst, og det ser ut til å funke bra!

Men var det ikkje noko meir eg kunne sy då eg fyrst var i gang? Jo, så det blei eit par koppehandkle og eit par gryteklutar. I barnestorleik, naturlegvis! (Rullekniven til samanlikning.)

Og igjen, det samme, gule biletet frå barnehagen, etter at den fyrste gardina i forrige innlegget var hengt opp :-)

Kindergarden kitchen-makeover part 2: Accessories :-)

13.11.2013

Leikekjøkken-makeover del 1

På barnehageavdelinga toåringen vår går i har dei fire leikekjøkken-modular, kanskje heimesnekra ein eller annan gong i tida. Med nokre gardinforheng som ikkje var heilt nye. Eg spurte om eg kunne få lov til å sy nokre nye i litt friske fargar og det fekk eg lov til :-)

I staden for å ha dobbel breidde som rysjast saman langs gardin-wiren, sydde eg ei flat gardin som kan rullast opp. Ulike stoff på framsida og baksida.

Slik ser dei ut samanrulla:

 

 

Her er eit bilete av leikekjøkkenet etter at eg hadde hengt opp den fyrste gardina. Hentesituasjonen er ingen ideell fotosituasjon, så biletet er dessverre veldig gult:

Stoff: Stoff og Stil og Etsy.

I have made new curtains for the play kitchen in the kindergarden :-)

08.02.2012

Og plutseleg fekk eg ein ny hobby

Før jol klarte ei venninne å inspirere meg til å lære å hekle! Sjølv om dette er ein syblogg, blei eg så glad over å ha klart å hekle denne hunden, at eg må vise den fram:

DSC_0572

DSC_0573

Inspirasjon: Eg møtte Lene på ein lunsj for litt sidan, og ho sat og hekla tøffe smokk-haldarar. Og ho lærte meg nokre hekletriks. Tusen takk, Lene! På neste lunsj hadde ei anna venninne med seg ei apekatt-leike som ho hadde hekla etter mønster frå Kaptein eitt-eller-anna, som eg etterpå fann ut at var frå denne bloggen.

Så eg tenkte at eg skulle prøve å hekle litt på måfå og sjå kva det likna på. Og eg hekla i veg, og det såg ut som ei Dachsbikkje-rumpe, og dermed kom idéen til hunden. Eg har forma den til med halvstavar her og der, i tillegg til fastmasker, om det er “lov” med halvstavar i amigurumi, anar eg ikkje. Men det er ikkje så nøye, ho som skal leike med den bryr seg ikkje om slikt :D. Hunden er hekla i eitt frå hale til snute, og så er bein og øyre sydd på etterpå. Rangleboks inni, saman med fyll av polar-fleece (eg som aldri har sydd bamsar eller puter har ikkje fyllvatt liggjande…).

Før eg hekla hunden, hekla eg booties etter dette mønsteret, dama som har laga støvel-mønsteret har lagt ut videotutorialar som var til uvurderleg hjelp for meg. Ved å ha hekla booties på førehand, fekk eg litt innsikt i korleis ein kan hekle tredimensjonale ting, elles hadde nok ikkje denne hunden blitt til så kort tid etter at heklenålene kom i hus!

Og så nokre bilete for bestemødre og andre som måtte ha lyst til å sjå:

S og hunden2

S og hunden3

S og hunden1

S og S med hunden

14.12.2011

Aktivitetsboks for ein treåring

Då eg var liten, hadde eg ei tøydokke med glidelås, knappar og borrelås på, som ein kunne øve seg på. Eit i utgangspunktet fint konsept, men eg hugsar at dokka ikkje engasjerte meg så veldig.  Men eg har fått lyst til å prøve noko liknande, og etter å ha tenkt litt, forsøker eg meg nå på ein “aktivitetsboks”. Så får tida vise om årets jolegåve blir suksess eller fiasko.


DSC_0285

Konseptet går ut på at ein lagar mange remser av stoff, som pakkast rundt ein boks av eitt eller anna slag, i dette tilfellet den minste “Skubb”-boksen frå IKEA. Remsene faldast annankvar omkring boksen, lag på lag, og kvart lag har ei eller annan form for lukking som barnet kan leike seg med.
Eg fann fram det eg hadde av “lukke-dingsar” i sysakene mine, og sette i gang. Vil du vere med på ein tur gjennom boksen, så heng deg på! (Trykk på bileta for å gjere dei større.)

DSC_0286
DSC_0287
DSC_0288
DSC_0289
DSC_0290
DSC_0291
DSC_0293
DSC_0294
DSC_0295
DSC_0296
DSC_0297
DSC_0298


Om syinga:
Storleiken på remsene er laga på slump, med breidde frå nokre millimeter til ein centimeter eller to breiare enn boksen, dei smalaste innerst. (Men kvar remse har nokonlunde konstant breidde) Lengdene  på dei er også ulike.
DSC_0280
Fyrst sydde eg stoffet saman til ei pølse, pressa, men lukka ikkje remsa i endande. Alle remsene, med unntak av to, blei deretter kutta over omtrent på midten, fordi eg tenkte at det ville bli for tykt under boksen om alle remsene var heile. Før montering, la eg ei heil remse ned, og deretter halve remser annankvar, vinkelrett på kvarandre slik bileta under viser. Nåla og sydde. Eg fordelte remsene på to kryss, som eg sydde saman til eitt tykt eit (det var også så mange lag at det blei litt for tykt å sy alt i ein operasjon).DSC_0281
DSC_0282
Etter at krysset var laga, sette eg boksen i. Så jobba eg meg lag for lag utover, ved fyrst å kutte remse-halvdelane til passe lengde, lukke dei i endane (bretta inn og sydde over) og deretter sette på den type lukking som måtte passe. Eg festa boksen til dei to innerste laga med nokre sting til slutt (ikkje med på bileta).
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...