Viser innlegg med etiketten Skjerf. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Skjerf. Vis alle innlegg

lørdag 28. januar 2012

Arbeid på gang...

Et nytt babyteppe er i gang. Restegarn no også... Mykje er frå eget lager, men også frå andre strikkeglade damer som etter kvart kjenne til prosjektet..







Eit trekantskjerf frå ukjent opphav.. med ein nydelig struktur i garnet. I fjord haust fikk eg ein stor sekk med garn frå Sanitets-foreninga. Prøver å nytte opp det som er brukande til basar-gevingstar..







Ha ei flott og kreativ helg !







onsdag 30. november 2011

Skjerf



Dette deilige skjerfet er julegåve til meg sjølv. Litt egoistisk må man være.

Strikka i Puno Melange frå Rauma. Ein skikkelig draum av ein blanding: Baby Alpakka, Merino og litt Polyamid.

Rillestrikk fram og tilbake nesten 2 nøster. Så ein enkel heklekant rundt til slutt.


Herleg !

tirsdag 1. november 2011

Ullskjerf

Det er tid for jobbreise, og nytt reisestrikke-tøy er klart. Med mykje uvær langs kysten i seinare tid, er det spennande å sjå om det bli mest reising, eller strikking og venting.

tirsdag 11. januar 2011

Skjerf frå Drops Desing

Enno nokre nøster er borte... Denne gangen til skjerf, oppskrift frå Drops Desing. Garnet er Baby Alpaca og Silke. Blanding 80/20, og pinnar nr. 5. ei nydelig mjuk og fin blanding. Dette skjerfet vil eg ha sjølv... har litt garn att, kansje blir det panneband.

Gromguten til Farmor har ytra ønske om ein ny gensar. Med både garnslanking og innkjøpsstopp i heimen, tek gensaren form. Måtte kjøpe 2 nøster med lys grønn, resten var ok..