Viser innlegg med etiketten votter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten votter. Vis alle innlegg

tirsdag 30. april 2013

Hekla vottar og strikka pannebånd

Eg sa jo at det skulle vere slutt
på vinterkle no, men eg måtte
berre slenge inn desse vottane
og pannebåndet på tampen...
 
Vottane er hekla i bomullsgarn,
etter ei oppskrift i KK sitt
julenummer. Det gikk kjapt
og greit med heklenål nummer 6.
I oppskrifta var det anbefalt å
bruke Misty frå Du Store Alpakka.
Eg måtte difor prøve meg litt fram
til rett masketal. Men elles var 
oppskrifta grei å følge. Eg syntes
i grunnen vottane vart ganske fine,
så eg trur eg skal lage fleire av
dei, men då i ull slik at dei blir
varme og gode...
 
 
Pannebåndet er strikka fram og tilbake
i perlestrikk. Eg tilpassa talet på maskar
for å få den bredden eg ville ha. Det er
lurt å legge opp oddetal, og passe på å
få rettmaske både først og sist på
omgangen. Då blir kanten finast.
 
 
Istaden for å sy det saman i nakken,
la eg endane over kvarandre og laga
jukseknapping; sydde det saman, og
berre pynta med eit assortert utval
knappar i rosa- og lillatonar.
 


onsdag 17. april 2013

Ullvotter donert til t-bane 5 Vestli - Østerås

Den fyrste mandagen i månaden
har eg sykveld samen med ein gjeng
superhyggelege jenter. Me skravlar og syr.
Skal myyyykje til at noko hindrar 
Tråkleguri i å komme seg dit...
 
Den eine gongen hadde me vorte
enige om å prøve denne oppskrifta
på vottar. Etter litt grubling for å
forstå korleis mønsterdelane skulle
passe saman, var det lett som plett.
 
Alle laga sine eigne variantar.
Eg er ikkje spesielt frossen av meg,
og tykte det virka altfor varmt med
to lag ull. Sjølve votten er i ullfilt,
men eg fora det eine paret med 
fleece og den andre med velour.
 
Det vart ikkje så vellykka. Når eg
prøvde dei på inne, kjentes det mjuke,
varme og deilige ut. Men når eg kom
ut i kulda med dei, vart eg kald på
fingrane. Eg trur fortsatt at to lag
ullfilt blir litt i meste laget, men eg
skal heller prøve å lage for i eit
tynnare ullstoff.
 
Det var ikkje noko vanskeleg,
så det er berre å prøve seg fram!  
 
Blomsten og hjarta er i ullfilt
og applikert på for hånd med
sølvtråd. Det vart ganske fint.
Må nesten skryte litt sjølv, for
 det syner ikkje på biletet, nemleg...
 
 
Av dei to variantane, var fleecefor best.
Desse kom eg diverre i skade for å
legge igjen på t-banen etter at eg såvidt
hadde fått prøvd dei. Derav overskrifta
om donasjon. Det er jo litt i stil med
det å kjøpe ein ekstra kaffi, slik at
nokon som ikkje har råd kan få ein gratis.
Kanskje det var nokon som fraus på
fingrane som vart glad for eit par ullvottar, 
sjølv om foret var litt kaldt ;-)