Viser innlegg med etiketten Body. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Body. Vis alle innlegg

lørdag 14. april 2012

Babylykke



Ei kjær venninne har fått ei flott lita jente, ein flott anledning til å sy litt babytøy igjen!
Valet denne gong fall på økologisk bomull - body i ugler frå Jofotex, bukse i frotté frå Lin & Papir. Mønster på body og bukse er henta frå Ottobre 1/12.


Framsida av Epla.no i dag er pryda av fleire økologiske skattar, blant anna ein fabelblå-vest:)




Ha ein flott laurdag!

tirsdag 25. oktober 2011

Spansk oktober:)



Her er det framleis kortarma klede som er tingen, sjølv om me kjenner hausten komme krypande...

Veldig deilig å sleppe å tenke på regnklede, ullundertøy og vintersko. Enn så lenge...




Bodyar sydde av bambus/økologisk bomull, eige mønster.

onsdag 31. august 2011

Fram frå gløymselen


Dette settet med body og velourbukse er det no ganske lenge sidan eg sydde, det har lagt til sals i Eplabutikken min ei tid utan å verte seld. Når minstejenta no trengte litt meir klede i str. 80 - så vips! var settet hennar:)

Nevnar i same slengen at siste moglegheit til å handle i Eplabutikken min vert på laurdag, etter det vert den dessverre midlertidig stengt ein periode.

søndag 21. november 2010

Nytt familiemedlem :-)


Endeleg var ventetida over! Og kva er vel betre enn å sitje i ro og fred og nyte synet av eit heilt nytt, lite menneske som søv i vogga...?

Sidan dette er ein sy-blogg må det sjølvsagt nemnast at bodyen er heimesydd.
Ullteppet som akkurat kan sjåast i nedre kanten på biletet strikka eg faktisk då eg venta på eldstejenta, det har vore flittig brukt av alle barna mine (mønster frå Dalegarn).

torsdag 7. oktober 2010

Sånt vert ein i godt humør av :-)

Dette settet la eg for ut for sal på epla.no midt på dagen i dag - og det er allereie seld! Og når i tillegg sola kikkar fram etter ei rekkje våte dager så er ein jo berre nøydd til å verte i godt humør :-)

tirsdag 5. oktober 2010

Bodyar og velourbukser


To ulike bodyar med tilhøyrande raude bukser.

Buksemodellen er eg spesielt nøgd med, buksa passar akkurat over ei lita bleierumpe, men har litt posete bein. Mjuk og behageleg å gå med for ein liten knott.


Bodyar: Landskapsinterlock frå Jofotex, kaniner frå JNY design. Kanta med raud interlock frå JNY design. Eige mønster, str. 80 og 92.

Bukser: Raud stretchvelour frå Stoff og Stil. Eige mønster, str. 80 og 92

torsdag 23. september 2010

Dagens forelskelse på Epla!

Jada, eg er berre ein av mange. Det var andre i går, og kjem nok nye i morgon. Men litt stas er det likevel å få ein av bodyane eg har sydd lista som dagens forelskelse på Epla.no :-)

onsdag 1. september 2010

Body og bukse


Eit mjukt og deilig sett i str. 86.

Body i limegrøne flodhestar frå Jofotex, kanta med cerise interlock frå JNY design. Eige mønster.
Bukse i cerise stretchvelour. Eige mønster.

onsdag 11. august 2010

Og fleire bodyar...

Den største er etter same mønster som desse, ein smule justert også denne gongen så no syns eg passformen vart bra.

Den minste er frå eit helt nytt eigenteikna mønster, ca str. 56/62. Heile bodyen er klipt i eitt stykke + erme, så dei einaste innvendige saumane er der raglanerma er sydde fast til resten. Dermed er det liten sjans for gnagande saumar mot sart babyhud....

Minstejenta i huset har allereie tatt i bruk den største bodyen, den minste bodyen vert ikkje tatt i bruk før utpå hausten...

Jungel-interlock frå JNY design, raude trykknappar frå Snapsource.

fredag 6. august 2010

Omsider: bodyar!

Det var vel på tide at eg prøvde meg på bodyar eg òg. Men det var først no at behovet for fleire bodyar gjorde seg gjeldande.
Eg byrja så friskt med eit bodymønster frå Ottobre 3/10, men såg raskt at her måtte det forandringar til... Så her er det lagt til lange erme, vidare halsopning, samt at heile bodyen er gjort smalare. På neste utgåve vert også beinopningen gjort litt større, er omsider fasongen akkurat som eg ville...

Lime flodhestar frå Jofotex, kanta med lilla interlock frå JNY design.
Kvit interlock med jordbær i fleire fargar, sannsynlegvis handla i ein amerikansk nettbutikk, kanta med raud interlock frå JNY design.