Kjolen består av 4 delar stoff som vert sydd saman med kun ein saum.
Overdelen kan knytast rundt overkroppen på utallige måtar, så her kan ein oppnå følelsen av "ny" kjole kvar gong ein tar den på.
Kjolen var tiltenkt meg, men eldstejenta følte seg så heime i den då me tok bildene at ho kjapt kom med eit ynskje om å få adoptere den. Me får sjå kven som trekk det lengste strået etterkvart...
Har du lyst til å sy ein sjølv finn du mange skildringar av framgangsmåten dersom du googlar infinity dress.